Doc Lounge Volda
Past21/92015

Tett på Vassendgutane!

Mastermøte - Journalisitkk og dokumentar

Samarbeid med Forskningsdagane og Den Norske Dokumentarfilmfestivalen.

 

FERSKT DOKUMENTARBLIKK PÅ EITT AV NOREGS MEST POPULÆRE BAND!

BESTSELJAR MOT ALLE ODDS - TETT PÅ VASSENDGUTANE

Dei er eitt av dei mestseljande banda i Noreg, men kritikararar og forståsegpåarar overøser dei med låge terningkast og nedsettande kommentarar. Kvifor vert den folkelege og norske kulturen ikkje sett på som kvalitet i nettopp vesle Noreg, og kvifor er det så lett å slakte eit band som Vassendgutane og deira sjangerbrør? Dette var utgangspunktet for masterstudent Roger Oldeide sin heilt ferske film om Vassendgutane frå Åmdalen i Ørsta. I over eitt år har han jobba både natt og dag for å bli ferdig med filmen. 

– Eg har aldri jobba så lenge med eitt einaste prosjekt nokon gong. Då eg byrja å drøyme om Vassendgutane tok eg meg ei vekes ferie, seier Roger Oldeide. 

Bandet stilte opp og gav av seg sjølve og vart etter kvart vande til å ha masterstudenten på slep med kamera både høgt og lavt. Det har ført til eit levande, autentisk og usminka bilete av Vassendgutane både på scena, bak scena og privat.

– Det virka på meg som dei tidleg vart vande til å ha meg rundt seg og eg trur dei fullt ut
klarte å være seg sjølve, noko som sjølvsagt er gull verdt for ein filmskapar, forklarer
Oldeide. 

Også ei rekke kritikarar og musikkjournalistar vert intervjua i filmen. Dei gir til saman eit innsiktsfullt og nyansert bilete av kvifor Vassendgutane vert møtte som dei vert av toneangivande kulturjournalistar.

– Sidan eg var førstereisgut når det gjeld å lage dokumentarfilm, har læringskurva vore
svært bratt. Å lage film tek tid, det har eg verkelig fått erfare. Eg var fast bestemt på at
filmen skulle fullførast, og at eg skulle sjølv bli nøgd med den før eg sette punktum,
fortel masterstudenten.

Få med deg filmen om Vassengutane under Forskingsdagane 2015, ein film som ifølgje regissør Roger Oldeide passar for dei fleste.

– Målet var heile tida at filmen skulle vere opplysande, engasjerande og underhaldande
å sjå på. Eg var også opptatt av at ein ikkje treng å vere fan av Vassendgutane for å kunne ha glede av å sjå den, avsluttar Roger Oldeide.

Arrangemenet er i samarbeid med Den Norske Dokumentarfilmfestivalen og Doc Lounge.

VASSENDGUTANE KJEM, KJEM DU?

Måndag 21. september, kl. 20.00
Studenthuset Rokken, Volda

Friends & sponsors